top of page
Rocket

Undervisningsopplegget til novellesamlinga Vegar ut til alle kantar dekker mange av kompetansemåla i læreplanen både for ungdomsskulen og for Vg1. 

 

Her er språklege oppgåver, oppgåver om form og struktur, og oppgåver om tema og innhald. Ein kan jobba med novellesamlinga over ein lengre periode utan at det blir einsformig.  Ein vil sjølvsagt også kunne plukka og velja det som passar inn i undervisninga.

 

Oppgåver om innhald og tema skal vera så varierte at det går an å jobba med mange av tekstane (helst heile boka) utan at det blir for mykje likt.  Her må ein nytta seg av mange ulike metodar (ulike skrivemåtar, fagsamtalar, drama, lage film, intervju, forska i lokalsamfunnet, digitale forteljingar, teikneserie og så vidare).

Oppgåver index
bottom of page