top of page
Båt på sjø.jpg

Arbeidsplan

Rogaland Mållag skal driva målarbeid på regionalt nivå, og vera eit bindeledd mellom lokallag og Noregs Mållag sentralt. Fylkeslaget skal samordna det lokale målarbeidet og inspirera lokale målfolk, mellom anna ved å skipa til møte med styresmakter, skular, barnehagar og samlingar der nynorsken si kraft er i fokus.

Hovudmål for arbeidsåret 2026: 

  

  • Fylkeslaget vil halda fram med å aktivt støtta arbeidet i prosjektet «Meir mål i Rogaland».

  • Fylkeslaget vil saman med lokallaga arbeida for å auka talet på medlemmer slik at me når målet om 1500 medlemmer i Rogaland innan fylkesårsmøtet 2027.

  • Rogaland Mållag vil halda fram med eit tett samarbeid med Karmsund Mållag og Rogaland Ungdomslag om oppgåvene i fylket. 

  • Fylkeslaget vil saman med lokallaga arbeida for eit godt fungerande ungdomsarbeid i samarbeid med Målungdommen.

  • Alle lokallaga skal ha ein kontaktperson i styret.  Kontaktpersonen kan inviterast til styremøte eller andre samlingar i lokallaget og vera ein lokallaga kan stø seg på, lufta idear med og spela inn tiltak til.  Styret arbeider vidare med korleis medlemmene på beste måte kan få og finna oppdatert informasjon om RM på nettet.

  • Fylkeslaget si målprisnemnd vil dela ut målpris(ar) for å kasta positivt ljos på og skapa blest om gode nynorske førebilete.

  • Styret vil følgja opp målbruken frå Lyse, Kolumbus, IVAR, media og andre offentlege aktørar.

bottom of page