top of page
Før du les
VEGAR før du les.png
FØR DU LES
Cup of Coffee

1

Korleis vil du forklara ordet naken?

2

Slå opp i etymologisk ordbok og finn ulike tydingar av ordet naken. (https://naob.no/ordbok/naken)

3

Lag eit tankekart i mindomo (https://web.creaza.com/no/product/mindomo) der du set ordet naken i midten. Bruk det du har funne i etymologisk ordbok til å fylla ut. Tankekartet kan du jobba vidare med seinare. Her kan du legga inn bilde, definisjonar, sitat, ordtak og illustrasjonar.

4

Sjå for deg ein garderobe til ein symjehall.

5

Tenk over: Når følte du deg naken sist?

nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
NAKEN
VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png
Refleksjonsoppgåver
Les novella “Naken” (Om det er mogleg, gå til næraste symjegarderobe og sit der og les)
VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png

ORD OM KROPP:

(først individuelt så i grupper)

1

Noter ned alle orda i novella som har med kropp å gjera.

2

Lag eit tokolonneskjema og sorter orda du har funne. Ha ei kolonne med ord som gir deg positive assosiasjonar og ei kolonne med ord med negative assosiasjonar.

3

Samanlikn lista di med ein medelev. Er det nokre ord de har plassert ulikt? Diskuter kvifor.

4

Fyll ut vidare den positive lista. Lag gjerne nye ord.

5

Jobb saman i grupper. Teikn ein silhuett av ein kropp på ein stor plakat. Ein av dykk kan legge seg ned på golvet oppå ein papirrull, og dei andre teiknar rundt. Skriv alle positive ord om kropp på plakaten. Heng han opp i klasserommet.

VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png

MOR OG DOTTER

1

Korleis oppfattar du forholdet mellom mor og dotter for Ramona i novella og Lykke i utdraget over? Grunngje svaret ditt og vis til teksten.

2

Korleis meiner du foreldre skal snakka med ungdommane sine om kroppspress? Lag ein dialog mellom foreldre og ungdom.

3

Gå saman to og to og spel dei ulike dialogane.

VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png

KROPPSGLEDE OG KROPPSPRESS: (diskusjonsoppgåver)

1

Kva kan ordet kroppsglede bety? Finn eksempel i teksten på kroppsglede.

2

#kroppspositivisme gir tusenvis av treff på instagram. Kva er det folk vil uttrykka gjennom ein slik emneknagg?

3

Kva vil det seia at ungdom kjenner på kroppspress i dag? Kan du finna døme på kroppspress i teksten? Vis til døme og grunngje svara dine.

4

Sjå ein episode av Superkroppen på NRK. Kan ein slik serie bidra til å auka eller minske kroppspress blant born og unge? Korleis? Forklar og vis til døme frå serien. https://nrksuper.no/serie/superkroppen

5

I kva for tekstar og kanalar møter born og unge synspunkt som påverkar deira eiga oppfatning av eigen kropp og andre sine kroppar? Noter ned alt du kjem på. Samanlikn med ein medelev og diskuter korleis dei ulike tekstane påverkar.

6

Lag ein klassedebatt om kroppspress og kroppskultur. Vel ulike ekspertar i panelet. Kva for stemmer er viktigast i ein slik debatt? Kven må vera representert?

VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png

TEMA OG BODSKAP

1

Sit saman to og to og diskuter ulike tema de finn i novella.

2

Kva er det aller viktigaste denne novella vil seia oss, meiner de?

Refleksjonsoppgåver
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
NAKEN
VEGAR grammatikk spraÌŠk.png
Grammatikk
Grammatikk
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
NAKEN
VEGAR skriveoppgaÌŠver.png
Skriveoppgåver
Skriveoppgåver

OM Å SJÅ SEG I SPEGELEN

1

I byrjinga av novella går Ramona forbi ein spegel. Kva er det ho ser? Kva føler ho om det ho ser i spegelen?

katt.png
Speil kvinne.png

2

Les utdraget frå romanen Tre meter med kniv av Eili Harboe:

Kroppen min ser så annleis ut i spegelen. Som om han ikkje tilhøyrer meg. Ein klump med føter og armar på sida. Spegelen viser eit heilt anna menneske. Eg klarer ikkje kjenne min eigen kropp med mindre eg har slått meg eller kjenner smerte på noko vis. (...) Dei fleste jentene i klassen plar dusje med undertøyet på etter gymmen, eller ikkje i det heile tatt. Dei har med seg hårspray og Victoria`s Secret Body Spray og legg eit nytt lag med sminke oppå det som var der frå før. Eg har alltid synst at det er utruleg merkeleg. Dei kan vel ikkje vere så flaue? Til vanleg har dei fleste push-up-bh og stor utringing, medan med ein gong me skal i dusjen, så er det liksom ei greie. Dette var sjølvsagt noko mor hengde seg fullstendig opp i då eg fortalde om det. Eg snakkar med mor om mykje. Problemet er berre at det som regel slår tilbake på eit eller anna vis. Enten ringer ho andre foreldre, eller så ringer ho skulen. I dette tilfellet ringde ho skulen og skjelte ut læraren min. Ho meinte skulen bidrog til meir kroppspress når ikkje alle jentene kunne dusje saman. (...) (Harboe, side 28-29)

Samanlikn opplevinga Ramona (frå novella “Naken”) og Lykke (frå romanen Tre meter med kniv) hadde då dei såg seg i spegelen i garderoben.

3

Kva kan eit spegelbilde fortelja oss? Kan me styra kva me ser i spegelen? Skriv ein kort tekst om fordelar og ulemper med å ha spegel i symjegarderoben.

4

“Å sjå seg sjølv i spegelen” kan bety noko meir enn berre det konkrete me ser. I kva samanheng kan ein bruka eit slikt uttrykk.

5

I Bibelen står det

No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. (1.Kor. 13.12)

​

Kva er det ein ser i spegelen her, og kva er det ein ikkje ser? Diskuter med ein medelev kva for sanning spegelen gir oss?

nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
NAKEN
VEGAR kreative stunt.png
Kreativ stunt
Kreativ stunt
bottom of page