top of page

Me nyttar cookies/informasjonskapslar på nettsida vår for å samla statistikk om korleis besøkande brukar nettsida.

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa gjer greie for handteringa vår av personopplysningar som me samlar inn for å kunna utføra tenestene våre overfor medlemer og andre me jobbar med.

Behandlingsansvarleg i Noregs Mållag, er dagleg leiar, om ikkje oppgåver er delegerte. Førespurnader for innsyn, retting eller sletting av personopplysningar kan gjerast til medlem@nm.no.

​

​

Medlemskap / medlemsregisteret
 

Custard Labs AS er databehandlar og driftar medlemsregisteret til Noregs Mållag.

​

Frå medlemene våre hentar me inn namn, adresse, telefonnummer, fødselsår, e-postadresse og betalingsinformasjon. Desse opplysningane er grunnlag for å rapportera på medlemstal. I tillegg treng me kontaktinformasjon til medlemer for å kunna gje eit tilstrekkeleg tilbod og informasjon knytt til medlemskapen. Me har også personnummer til dei som har gjeve det til oss, som grunnlag for å få skattefrådrag for gåver dei har gjeve. Informasjon om personnummer er det berre dei som arbeider med medlemsinformasjon sentralt, som har tilgang til. Som medlem i organisasjonen får du medlemsbladet vårt fem gonger i året. Du kan i tillegg aktivt samtykkja til å få nyhendebrev elektronisk.

​

Utover dette registrerer vi eventuelle verv hjå oss, det vil seie styreverv på ulike nivå i organisasjonen. Styreleiarar i lokallag, fylkeslag og yrkesmållag er offentleg informasjon og blir publisert på Noregs Mållag sine nettsider, saman med kontaktinformasjon som me har fått frå laget. I medlemsregistret ligg også betalingshistorikk for medlemskontingent og eventuelle gåver.

 

Tilsette i det sentrale sekretariatet, har tilgang til medlemsregisteret. Fylkesstyre og lokallagsstyre får tilsendt medlemslista 2–3 gonger i året. Custard Labs AS har tilgang til medlemsregisteret for å kunna utføra oppgåvene sine som databehandlar.

 

Tilgang til data er nivåstyrt. Fylkesleiarar har berre tilgang til medlemslister med registrerte medlemer i sitt eige fylkeslag, medan lokallagsleiarar berre har tilgang til medlemslister med registrerte medlemer i sitt eige lokallag. I enkelte tilfelle vil det bli gjort skjønsvurderingar som gjev tilgang til fleire personar i eit lokallag eller fylkeslag.

Noregs Mållag sine medlemslister er konfidensielle og skal ikkje utleverast til andre enn dei som er nemnde over, eller etter dom/pålegg frå politiet. Dei som ynskjer innsyn i personopplysningar som er lagra om dei, kan senda ein e-post til medlem@nm.no.

 

 

E-post


Du kan senda e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør derfor ikkje senda sensitivt innhald per e-post. Om vi får ein slik e-post, behandlar me e-posten ut frå innhaldet og slettar han etterpå.

 

 

Nyhendebrev


Som medlem hjå oss kan du melda deg på som mottakar av nyhendebrevet vårt. For at vi skal kunna senda deg nyhendebrev, må du registrera e-postadressa di hjå oss. Denne blir lagra i ein eigen database, blir ikkje delt med andre, og e-postadressa blir sletta derifrå når ho ikkje lenger er i bruk.

bottom of page