top of page
3D Sphere
VEGAR UT TIL ALLE KANTAR
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA
Før du les
VEGAR før du les.png
FØR DU LES
Cup of Coffee
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA
VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png
Refleksjonsoppgåver
Jobb i grupper på 3-4
Oppgåver om innhald og tema:

1

Vampyrtema

  • Kva vil du seia er tema i novella?

VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png
  • ​Kva trur du han meiner med dette?

​Hovudpersonen seier noko om den gamle vampyren  Hafr “at han går sånn i frø, han har byrja å puppa seg. For å bli noko anna att?” I den siste linja i novella står det: “Leggja meg, puppa meg, kanskje bli noko anna att”.

  • Kvifor trur du vampyrar er mykje brukt i litteratur og film?

  • Les artikkelen frå Framtida (lenke). Kvifor har forfattaren i artikkelen valt å bruka vampyrar i romanen sin?

VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png

2

Stadnamn og lokale vampyrar

  • Vampyrane i forteljinga me nettopp har lese, held til på Madlatua. Kor trur du vampyrane held til i ditt lokalmiljø?

  • Bruk ulike kjelder og forsk på stadnamnet til den plassen du meiner vampyrane held til i ditt lokalmiljø. Kva betyr namnet på staden? Kvifor held vampyrane til der? (meiner du)

  • Gå på ekskursjon i nærmiljøet og finn stader der vampyrane kan halde til.

Oppgåver om form og struktur:
VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png

Forteljar og synsvinkel

3

  • Forklar kva forteljar og synsvinkel er og korleis dette kan vera i ulike noveller.

  • Kva for synsvinkel er det i novella “Vampyrane på Madlatua”?

  • Vel eit avsnitt der synsvinkelen kjem tydeleg fram. Skriv dette om til ein annan synsvinkel. Reflekter over kva dette gjer med teksten.

  • Fortel til ein medelev kva du hugsar frå teksten. Kva for synsvinkel brukar du då?

VEGAR refleksjonsoppgaÌŠver.png

4

Forteljemåte

I ei novelle kan ein bruke ulike forteljemåtar; handlingsreferat, skildringar og tanke/replikkvekslingar.

  • Kva for forteljemåte er dominerande i novella?

  • Finn eksempel på skildringar i novella. Skriv ned eit avsnitt du likar og sei noko om kvifor desse skildringane er gode.

  • Ulike fargar er nemnt fleire gonger i novella (raud, gul, blå) I kva samanheng er fargane brukte, og kvifor trur du forfattaren har valt desse fargane?

Refleksjonsoppgåver
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA
VEGAR grammatikk spraÌŠk.png
Grammatikk

1

Nynorsk og bokmål liknar på veldig mange måtar, men det er nokre ulikskapar som det er verdt å merka seg, blant anna at nynorsk har mange ord med diftong. (til dømes: heim, meir, leika, ein, ei, eit, haust, raud…)

Utforsk teksten “Vampyrane på Madlatua” og leit etter ord med diftong, ord som er annleis på nynorsk enn på bokmål.

  • Skriv ned orda du har funne. (Det held med ord frå den første sida)

  • Lag eit trekolonneskjema der orda du har funne står i første kolonne. I andre kolonne skriv du ordet på bokmål og i tredje kolonne skriv du kva for ordklasse det er.

  • Korleis vil du uttala desse orda på din dialekt?

  • Leik deg med orda og prøv å laga ei setning der du bruker så mange som mogleg.

Grammatikk
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA
VEGAR skriveoppgaÌŠver.png
Skriveoppgåver

A

Dracula, Twilight og Vampire Diaries har også vampyrar som tema. Utforsk kjelder på internett og sjå kor mange filmar, tv-seriar, videospel og bøker du finn med vampyrtema. Vel ei av desse og skriv ein reklametekst for denne.

B

Skriv forteljingar og skremselshistorier om dei lokale vampyrane som du kan bruka i ei forteljarstund for 1. klasse på barneskulen du gjekk på.

Skriveoppgåver
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA
VEGAR kreative stunt.png
Kreativ stunt

A

Jobb i grupper og dramatiser ei av forteljingane de har laga.

B

Lag ein teikneserie/animasjon i creaza av vampyrforteljingane de har laga, eller novella de har lese, eller ei anna vampyrforteljing.

Kreativ stunt
bottom of page