top of page
Stripes

Artikkel

Kor blei nynorsken av Kulturminister Anette Trettebergstuen?

Frivillig arbeid er ein viktig og tradisjonsrik del av det norske samfunnsmaskineriet. 78 prosent av befolkninga er med i ein eller fleire frivillige organisasjonar, og den frivillige arbeidsinnsatsen tilsvarer 142 000 årsverk (SSB, 2020). Dette er eit betydeleg bidrag til mange viktige samfunnsoppgåver.

 

I 2022 vil regjeringa markera det gode arbeidet alle frivillige gjer gjennom satsinga «Frivillighetens år». Markeringa skal bidra til auka deltaking, mangfald og synleggjering. Eit mangfald som berre skjer på bokmål når me ser på nettstaden deira.

 

Det er jo eit dugnadarbeid med talar om. Ei vanleg arbeidsform i lag og foreiningar, som arbeidet i ungdomslag og idrettslag eller når feiringa av 17. mai skal organiserast i bygda. Mest alt målarbeid handlar om språkleg likestilling, å hegna om språket vårt og dialektane våre i kvardagen. Dette målarbeidet baserer seg óg i første rekkje på dugnadsinnsats, eit arbeid som blir utført kvar dag i alle lokallag og fylkeslag for å vise den språklege krafta nynorsken har. Ei kraft den språklege politikkutforminga på Stortinget har slått fast skal odlast og vera synleg i kvardagen over heile landet.

 

Kari og Ola Nordmann stør altså opp om organisasjonslivet vårt, men det er vanskelegare og vanskelegare å få medlemmer til melda seg til teneste i styre og stell. Mållaget er ikkje noko unnatak. Det frivillige har historisk spelt ein avgjerande rolle for demokratibygginga i landet vårt og vedlikehaldet av dette. Me treng ikkje bekymra oss på kort sikt for utviklinga av det norske demokratiet, men me skal heller ikkje ta ting for gitt, noko som krev at fleire blir med i organisasjonane sitt arbeid.

 

Me må vakta oss frå å bli meir aktivitetsorientert og mindre verdiorientert, fordi organisasjonane ofte i mindre grad enn tidlegare er utovervend, og i større grad retter aktiviteten sin mot eigne medlemmer. At banda mellom det lokale og det nasjonale organisasjonsnivaÌŠet óg står i fare for å bli svekka ved at meir og meir av arbeidet blir løyst frå hovudstaden, er heller ikkje av det gode.

 

I 2022 har altså regjeringa peika på at me skal markera eit år for dugnadsarbeidet vårt, «Frivillighetens år». Det skal vera eit flomlys på frivillige organisasjonar og politikk for det frivillige arbeidet i Noreg. Mange lag og organisasjonar er invitert med, men felles for dei er at språk ikkje synes å vera eit tema.  Det mangfaldet og den likestillinga samfunnet vår meiner dei strevar for å oppnå blir her sett til sides når regjeringa vil heidra dugnadsånda.

 

Målarbeidet er eit godt og viktig døme på det frivillige og dugnadsånd. Årsmøtet i Rogaland Mållag, samla til møte i Stavanger 26.03 vil gjerne ta del i markeringa og feiringa – og aller helst på målforma vår: Nynorsk!

 

For årsmøtet til Rogaland Mållag

Einar Schibevaag

Leiar  

bottom of page