top of page

Det sterkaste signalet om kven vi er

Om du reiser Rogaland på langs og på tvers, vil du høyre og oppleve dialektrikdom.


Dialektar og talemåtar som uttrykkjer styrke, lokalt særpreg og nedarva identitet.

 

Den observante vil også leggje merke til at talemålet i alle delar av fylket vårt, i både by og bygd, har nynorsk som grunntone. Slik sett burde nynorsk som skriftspråk stå sterkt i Rogaland.

 

Men slik er det ikkje. Det kan nok delvis tilskrivast at Rogaland historisk har vore ekstrovert og vendt seg utover, motbåde inn-og utland. Den internasjonale oljenæringa har nok også lagt press på språket vårt dei siste seksti åra.

 

Det minner oss om at vi ikkje må gløyme det vi har, ikkje vatne ut oss sjølve i jakta på noko anna, noko nytt, noko betre.

 

I Rogaland fylkeskommune har vi eit mål om å ha heile fylket i bruk. Det fordrar menneske og personar som vil bu, byggje og jobbe i alle delar av fylket.
Det er dokumentert at ei sterk kjensle av å høyre

Screenshot 2020-10-07 at 10.39.46.png

til, å vere stolt av heimtraktene sine og stå støtt i identitet sin, ofte er avgjerande når menneske vel kor dei vil bu. 

 

Dialektenvårer det sterkaste signalet om kven vi er, kor vi kjem frå og kva arv vi ber med oss.


Det er eit teikn i tida at vi snakkar om god ressursbruk, om ei kursendring og ei omstilling til noko anna enn eit einsidig vekstsamfunn. Til ei meir berekraftig framtid. Vi vil tilbake til røtene, dyrke vår eigen mat og leve eit enklare liv. Som ei forlenging av dette, er det naturlegå slå ring om og slå eit slag for språket vårt som ein viktig del av røtene våre.


Rogaland fylkeskommune eig og driv vidaregåande skular i alle delar av fylket. Eg er oppteken av at skulane våre skal medverke i å ta vare på språket vårt -på nynorsken - som ein del av kulturarven og identiteten vår.

 

Det skal aldri bli ei plikt å bruke nynorsk som skriftspråk, men dei vidaregåande skulane skal vere garantistar for at det er ein rett for dei som ønskjer det.


Rogaland Mållag har stått i striden for nynorsken i hundre år. Det er eg takksam for. Og det er godt å sjå at det er ein vital og oppegåande hundreåring vi gratulerer.


I ei tid der utviklinga skjer raskare enn nokon gong, er det viktig å halde målfana høgt.


Gratulerer så langt og lykke til med dei neste 100!

 

Marianne Chesak
Fylkesordførar i Rogaland

Uttrekk frå: “RM_jubileumsbok_2020”. Apple Books. 

bottom of page