Målprisen 2025
biskop Anne Lise Ådnøy
Biskop Anne Lise Ådnøy har fått målprisen for 2025. I grunngivinga heiter det som følgjer:
Rogaland Mållag sin målpris blir delt ut av fylkeslaget ein gong for året og går til personar eller organisasjonar som over tid har bidratt til å fremja nynorsken sin plass i Rogaland. Rogaland Mållag ønskjer å trekke fram gode døme på korleis nynorsken har ei viktig og sentral rolle og verdi for den rogalandske kulturen. Målprisen skal vere med å styrka posisjonen nynorsken har i samfunnet og inspirere andre til å vere med på det språklege likestillingsarbeidet.
Årets vinnar brukar eit klart språk på ein sentral arena. Ho er glad i nynorsk, og vel ofte denne målforma - både for å gje vidare ei viktig kulturarv og til dagleg bruk i møte med menneske i sorg og glede. Nynorsk vert då eit verktøy som gjer at ho kan formidle både stort og smått på ein måte som tydeleg kjennest naturleg for henne. Prisvinnaren brukar eit naturleg, ordrikt nynorsk som det er lett å like og forstå. Ho viser vørdnad for språket og er eit førebilete i så måte som fleire på hennar felt burde følgje.
Mottakaren av årets målpris vaks ikkje opp med nynorsk som si målform, men ho brukte nynorsk i den første prestestillinga si på Smøla. Dette gjorde henne trygg i språket og i liturgien, og gjer at ho no rettar på språket i nynorsktekstar om ho får bistand til skriving. Ho er bevisst på formidling og språk, og må vere trygg på det ho skal formidle og korleis ho skal legge det fram. I 100-årstidsskriftet for Rogaland Mållag i 2020 bidrog ho med eit kapittel med overskrifta «Det levande språket». Her skriv ho mellom anna om korleis språk er tema i bibelen – både i den første pinsa då alle fekk høyre bodskapen på sitt eige mål, i kontrast til forteljinga om bygginga av Babels tårn som enda med komplett språkforvirring. I stykket sitt i tidsskriftet slår ho til og med fast at «Om stallen hadde stått i Stavanger ville Jesus ikkje vore framand for nynorsk.» Og ho har i ettertid levd opp til dei føringane ho sjølv la for bruk av nynorsk mål i dette skrivet.
Ho er i ei rolle der begge målformer er i bruk, men vel gjerne nynorsk òg i settingar der ho står fritt. I 2025 var det medarbeidardag for alle som arbeider i kyrkja i Rogaland med felles gudsteneste i den nyoppussa domkyrkja. Då vart det valt å bruke nynorsk liturgi, utan at det vart gjort noko større nummer ut av det. Så naturleg var det.
I den norske kyrkja ligg alt til rette for at nynorsk kan brukast aktivt – gjennom jamstilt liturgi, bøner og salmar. Likevel ser vi at bokmålsvarianten ofte vert valt, sjølv der nynorsk har vore det tradisjonelle språket og språkforma er nøytral.
Rogaland Mållag ynskjer å vise Anne Lise Ådnøy at det har blitt lagt merke til at ho er glad i nynorsk, at ho brukar denne målforma og at ho brukar henne godt og rett.
Rogaland Mållag vil difor heidra Anne Lise Ådnøy med Målprisen 2025!
Gratulerer!
Målprisnemnda 2025: Einar Schibevaag, Anne Elise Winterhus og Astrid Apalset Vassbø

Biskop Anne Lise Ådnøy fekk målprisen for 2025. Prisen blei delt ut under middagen etter hennar siste gudsteneste som biskop. Leiaren i Rogaland mållag, Tommas Øyri Grøtterød, delte ut prisen. Foto: Ivar Barane.
