
VEGAR UT TIL ALLE KANTAR
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA

FØR DU LES

VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA

Refleksjonsoppgåver
Jobb i grupper på 3-4
Oppgåver om innhald og tema:
1
Vampyrtema
-
Kva vil du seia er tema i novella?

-
Kva trur du han meiner med dette?
Hovudpersonen seier noko om den gamle vampyren Hafr “at han går sånn i frø, han har byrja å puppa seg. For å bli noko anna att?” I den siste linja i novella står det: “Leggja meg, puppa meg, kanskje bli noko anna att”.
-
Kvifor trur du vampyrar er mykje brukt i litteratur og film?
-
Les artikkelen frå Framtida (lenke). Kvifor har forfattaren i artikkelen valt å bruka vampyrar i romanen sin?

2
Stadnamn og lokale vampyrar
-
Vampyrane i forteljinga me nettopp har lese, held til på Madlatua. Kor trur du vampyrane held til i ditt lokalmiljø?
-
Bruk ulike kjelder og forsk på stadnamnet til den plassen du meiner vampyrane held til i ditt lokalmiljø. Kva betyr namnet på staden? Kvifor held vampyrane til der? (meiner du)
-
Gå på ekskursjon i nærmiljøet og finn stader der vampyrane kan halde til.
Oppgåver om form og struktur:

Forteljar og synsvinkel
3
-
Forklar kva forteljar og synsvinkel er og korleis dette kan vera i ulike noveller.
-
Kva for synsvinkel er det i novella “Vampyrane på Madlatua”?
-
Vel eit avsnitt der synsvinkelen kjem tydeleg fram. Skriv dette om til ein annan synsvinkel. Reflekter over kva dette gjer med teksten.
-
Fortel til ein medelev kva du hugsar frå teksten. Kva for synsvinkel brukar du då?

4
Forteljemåte
I ei novelle kan ein bruke ulike forteljemåtar; handlingsreferat, skildringar og tanke/replikkvekslingar.
-
Kva for forteljemåte er dominerande i novella?
-
Finn eksempel på skildringar i novella. Skriv ned eit avsnitt du likar og sei noko om kvifor desse skildringane er gode.
-
Ulike fargar er nemnt fleire gonger i novella (raud, gul, blå) I kva samanheng er fargane brukte, og kvifor trur du forfattaren har valt desse fargane?
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA

Grammatikk
1
Nynorsk og bokmål liknar på veldig mange måtar, men det er nokre ulikskapar som det er verdt å merka seg, blant anna at nynorsk har mange ord med diftong. (til dømes: heim, meir, leika, ein, ei, eit, haust, raud…)
Utforsk teksten “Vampyrane på Madlatua” og leit etter ord med diftong, ord som er annleis på nynorsk enn på bokmål.
-
Skriv ned orda du har funne. (Det held med ord frå den første sida)
-
Lag eit trekolonneskjema der orda du har funne står i første kolonne. I andre kolonne skriv du ordet på bokmål og i tredje kolonne skriv du kva for ordklasse det er.
-
Korleis vil du uttala desse orda på din dialekt?
-
Leik deg med orda og prøv å laga ei setning der du bruker så mange som mogleg.
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA

Skriveoppgåver
A
Dracula, Twilight og Vampire Diaries har også vampyrar som tema. Utforsk kjelder på internett og sjå kor mange filmar, tv-seriar, videospel og bøker du finn med vampyrtema. Vel ei av desse og skriv ein reklametekst for denne.
B
Skriv forteljingar og skremselshistorier om dei lokale vampyrane som du kan bruka i ei forteljarstund for 1. klasse på barneskulen du gjekk på.
VAMPYRANE SAMLAST PÅ MADLATUA

Kreativ stunt
A
Jobb i grupper og dramatiser ei av forteljingane de har laga.
B
Lag ein teikneserie/animasjon i creaza av vampyrforteljingane de har laga, eller novella de har lese, eller ei anna vampyrforteljing.