top of page
Screenshot 2020-10-14 at 10.15.54.png

Retningsliner for Rogaland mållag sin målpris

§1

Rogaland Mållag sin målpris blir delt ut av fylkeslaget ein gong for året og går til person(ar) eller organisasjon(ar) som over tid har bidratt til å fremja nynorsken sin plass i Rogaland.

§2

Målprisen kan bli gitt for

·       God bruk av nynorsk i arbeidslivet, journalistikk, litteratur, musikk i film og på scene

·       stort frivillig arbeid i sjølve rørsla, men òg i andre organisasjonar der nynorsken har ein naturleg plass og er synleg.

·       prisen kan òg bli gitt for enkelhendingar som er utført/gjort og som har fått mykje å seia for målsaka.

§3

Rogaland Mållag ønskjer å trekka fram gode døme på korleis nynorsken har ei viktig og sentral rolle og verdi for den rogalandske kulturen. Prisen skal vera med å styrka posisjonen nynorsken har i samfunnet og inspirera andre til å vera med på det språklege likestillingsarbeidet.

 

§4

Ein jury på 3 personar, peika ut av styret i fylkeslaget, får for to år om gongen ansvar for å finna fram til vinnaren. Berre ein av medlemmene kan sitja i styret til fylkeslaget. Minst ein av medlemmene er på val kvart år.

 

§5

Alle lokallag i Rogaland blir inviterte til å koma med framlegg til kandidatar til juryen.

 

§6

Det skal lagast ei god skriftleg grunngjeving, og saman med styret i Rogaland Mållag skal ein finna eit høveleg tidspunkt for utdelinga. Utdelinga skal normalt skje i det året prisen gjeld for og gjerne leggast til eit høve der ein få god pressedekning for saka. 

Kom med inspel til sy´tyret om kven du mein skal ha målprisen for 2022

Send inn framlegg innan 15.08.2022 til hei@rogmal.no

 

Retningslinene finn du her:

bottom of page