vegar_forside_nett%20-%20New%20april_edi

14 noveller med oppgåver

Vegar ut til alle kantar

Kor finn du det?

Undervisningsopplegget blir lagt opp digitalt der lærarar kan plukka det dei vil ha, eller ta heile pakken.

Me ser også for oss at nettressursen vert utforma slik at lærarar kan leggja inn sine eigne idear etter kvart, slik at det vert ein levande ressurs som utviklar seg heile tida.

Dette handlar ikkje berre om god nynorskundervisning, men god norskundervisning i tråd med den nye læreplanen, altså om du har nynorsk som hovudmål eller sidemål.

Undervisningsmateriellet er klart til 01.05.2021

YouTube "Vegar ut til alle kantar"

Sjå rogmal.no

 
Undervisningsopplegg

Ei heil novellesamling - til denne vil du finna oppgåver som utviklar kompetanse på mange område. Dei språklege oppgåvene vil vera tilpassa dei tekstane dei passar best. Slik kan ein fletta inn gramatikkopplæring og kunnskap om dei estetiske sidene ved språket på ein naturleg måte.

Det er eit viktig mål at undervisningsopplegget skal romma svært varierte og mange praktiske undervisningsmåtar. Slik kan ein klasse jobba lenge med denne novellesamlinga, utan at det vert einsformig. Døme er:

  • Å forska på lokale stadnamn i samband med novella "Vampyrane samlast på Madlatua". Kor samlast vampyrane i vårt nabolag? Teksten kan og nyttast i rollespel, skrekkfilm og animasjon.

  • Teksten "Naken" er eit ypperleg utgangspunkt for eit opplegg rundt kroppspress og det å akseptera seg sjølv. Elevane kan laga dokumentar, dei kan skriva lesarinnlegg eller laga undersøkingar.

  • Novella "Ungdom" av Arne Garborg er eit glimrande utgangspunkt for samarbeid med KRLE-faget om å forska på konfirmasjon før og no.

  • Novella "Tomme truslar" av Oda Malmin eignar seg godt for eit opplegg helsesjukepleiarane våre har om vald i nære relasjonar. Denne novella tenkjer me også å bruka til ei oppgåve med dataspel.

  • Gramatikkoppgåver med lenker til nyttige digitale ressursar finn du og.

  • Det er elles varierte språkoppgåver innan lesing og skriving, som skal vera utforma slik at dei er lette å tilpassa til lokale forhold og til ulike faglege nivå.

 

Målet er og at du skal finna ei lydfil der elevane kan lytta til tekstane.

 
Vegar ut til alle kantar

Er ei novellesamling med 14 noveller av forfattarar fra Rogaland. To klassiske tekstar (Arne Garborg og Rasmus Løland) og 12 nye noveller, skrivne for ungdom. Alle på framifrå nynorsk.

Tema i novellene er mellom anna fantasifulle vampyrforteljingar, humoristiske julebrev, kroppspress, ungdomstid, gamal- og ny tid og ei spanande og sterk skildring av vald i nære relasjonar.

Det er god variasjon i språk, struktur og innhald.

Prosjektet er kome i stand i samband med Rogaland Mållag si 100-årsmarkering i 2020 med støtte fra Noregs Mållag og Wigestrand Forlag.

nettstad: www.rogmal.no

e-post: hei@rogmal.no

FORFATTARAR

Edmund Austigard

Arnt Birkedal

Inger Bråtveit

Kristin Auestad Danielsen

Heidi Hjorteland

Odveig Klyve

Siri Kvamme

Oda Malmin

Tore Renberg

Gaute Sortland

Terje Torkildsen

Helge Torvund

Arne Garborg

Rasmus Løland

Redaktør har vore Per Olav Kaldestad