3D Sphere
VEGAR UT TIL ALLE KANTAR
BALL MOT VEGG - TUSEN OG UENDELIG GONGER
 
VEGAR før du les.png
FØR DU LES
Cup of Coffee

Ta klassen, eller ei gruppe elevar, med ut. Finn nokre fotballar og ein stad der ein kan sparka ball mot vegg. La først ein elev få sparka ballen mot veggen om att og om att. Lytt til rytmen. La fleire elevar sparka ball mot vegg. Be dei om å følga same rytme og tempo. Lytt og spark, fortare, seinare, med større avstand og med bytte av fot. Deretter tilbake til at berre éin sparkar. La alle dei andre lytta. Dunk, dunk, dunk.

Så går ein inn i klasserommet og finn fram teksten. (Ved strålande vér kan ein gjerne lesa novella saman ute. I ein ring på idrettsbana, i ei trapp eller ein annan eigna stad.)

nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
BALL MOT VEGG - TUSEN OG UENDELIG GONGER
VEGAR refleksjonsoppgåver.png
Refleksjonsoppgåver
Jobb i grupper på 3–4
Diskusjonar og praktiske øvingar:

A

Kva betyr det å halda takten?
  • Er det takt og rytme i fotball?

  • Når kan det vera viktig å halda takten?

  • Er takt og rytme det viktigaste i musikk?

  • Finst det likskapar mellom fotball og musikk?

B

Kva er støy, og kva er gode lydar?

  • Korleis kan dunkinga av fotballen mot veggen, vera både støy og nokre gonger gode lydar?

  • Kva er støy for deg?

C

“Dei dansande lette stega var skifta ut med drassande tunge skritt” (side 13).

Denne setninga skildrar fotballguten i novella.

  • Korleis ser dette ut trur du? Vis til kvarandre på gruppa. (Finn ein stad utanfor klasserommet der de kan dramatisera dette)

  • Kva for språkleg verkemiddel brukar forfattaren i denne setninga?

  • Kan ein ha dansande steg i fotball? (Test det ut)

  • Lag så mange skildringar de kan, av bevegelsar og spel i fotball, der de bruker ord og uttrykk frå musikk og dans.

  • La deg inspirera av parodien på fotballkommentator Roar Stokke og kommenter kvarandre sin innsats med ball (eller eit kamputdrag på skjerm) https://www.youtube.com/watch?v=ipCqbXu3M_I

  • Dramatiser nokre av skildringane på fotballbana frå den førre oppgåva.

D

“Den jamne takten ville gitt maks måloppnåing i skjemaet mitt” (side 12). Dette seier Janne (som er lærar) i samtale med Tella.

  • Kva for skjema er det ho meiner?

  • Kva er det lærarane måler når dei lager ulike skjema for måloppnåing?

  • Kan alt ein gjer i skulen målast? Lag ei liste over det som er lett å måla, og det som er vanskeleg å måla.

  • Korleis er det mest rettferdig å vurdera elevarbeid?

E

“Ingen barn vil vera drit” (side 17)

  • Kva er bakgrunnen for at guten seier dette?

  • Korleis kan læraren hindra at nokon føler seg “drit”?

F

Kva tenker du er tema og bodskap i novella? Finn eksempel frå teksten som viser det du har kome fram til.

G

Det er snakk om takt og rytme fleire stader i novella.

  • Finn du noko takt og rytme i måten teksten er skriven på? Noko som gjer at det er ein god takt og flyt når du les?

  • Finn eksempel frå teksten og forklar korleis dette skapar rytme i novella.

  • Kva for språklege verkemiddel kan skapa rytme i ein tekst, meiner du?

 
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
BALL MOT VEGG - TUSEN OG UENDELIG GONGER
VEGAR grammatikk språk.png
Grammatikk

A

“Dag etter dag, guten – ballen – veggen.” (side 11)

  • Kva for ordklasse er dag, gut, ball og vegg?

  • Leit etter fleire ord i same ordklasse på side 11

  • Lag bøyingsskjema: ubunden og bunden form, eintal og fleirtal, og bøy minst fem av orda du har funne på side 11.

Eintal

Ubunden form​

(Ein, ei, eit)

Bunden form​

(Den, det)

Fleirtal

Ubunden form​

(Fleire)

Bunden form​

(alle)

 
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
BALL MOT VEGG - TUSEN OG UENDELIG GONGER
VEGAR skriveoppgåver.png
Skriveoppgåver

A

Lag eit dikt med tittelen: “Ingen vil vera drit”

B

Korleis går det med fotballguten vidare, trur du? Skriv ein kort tekst om kva som skjer vidare med han. Vel forteljar og synsvinkel sjølv.