top of page
Rogaland Mållag
Målpris 2020

Grunngjeving:

​

Serveringsstadene Mellombels, Hemmeleg og Rits gjer nynorsk synleg i hjartet av Bryne, der dei omkransar Bryne torg. Dei har alle gjort eit medvite val om å profilera seg på nynorsk, (både utanfor og inne i lokala sine, i marknadsføringa og på sosiale media,) og fortener Rogaland mållags målpris for 2020.

 

Mellombels ølstove starta nettopp som ei mellombels ølstove under Jærdagen på Bryne. Ved å ta i bruk eit presist og godt dugande ord i staden for det engelske uttrykket pop-up bar, viste dei allereie frå starten språkleg medvit og vilje. Mellombels valde å halda på namnet sitt då ølstova flytta til eit permanent lokale på Bryne torg. Ein permanent utestad som heiter Mellombels viser fin ironi.

 

Hemmeleg restaurant har frå starten av vist tydeleg språkleg medvit og vidd i kommunikasjonen med ålmenta. I årets aprilspøk kunngjorde restauranten at namnet skulle endra namn til Hemmelig for å utvida målgruppa si. Restauranten viser elles språkhumor uavhengig av målform når dei tøysar med hemmelege menyar og hemmelege prisar.

 

Rits er det siste skotet på stammen, ei vinstove som originalt nok har napoleonskake og softis som spesialitet. Då svindlarar oppretta falsk Rits-profil på Facebook like etter opninga, advarte kafeen kundane sine: «OBS! Pass opp for billige kopiar. Me har IKKJE fruktkake på menyen og me kommuniserer ALLTID på nynorsk.»

 

Nynorsk burde vera det sjølvsagte valet på Bryne/Jæren, der dialekten er nynorsknær og målforma den mest brukte i skulane. Likevel ser ein at næringslivet sjeldan nyttar nynorsk på Jæren. Jærske ord og uttrykk vert nytta sporadisk, men stort sett dominerer bokmålet. Mellombels, Hemmeleg og Rits er synlege bevis på kor synleg bedrifta blir når ein vel å bruka nynorsk med klårleik, sjølvfølge og humor. Triangelet Hemmeleg, Mellombels og Rits syner originale konsept med original marknadsføring og originale språklege verkemiddel. Dei syner kor effektivt, klart og morosamt nynorsk kan vera, også i den kommersielle verda, om ein berre vågar å nytta det. 

 

Gratulerer med målprisen, Mellombels, Hemmeleg og Rits!

bottom of page