Rogaland Mållag
Målpris 2021

Rogaland Mållag sin målpris er delt ut i mange år. Det er mange kjende personar som har fått han for, frå sin ståstad, å løfte nynorsken fram i samfunnet rundt oss.

 

Tom Hetland, Tønes, Jon Skien, Janove Ottesen og i 2020 blei prisen gitt til tre utestader på Bryne: Hemmeleg, Mellombels og Rits.[ISH1] 

 

Ikkje alle figurerer på framsida av Stavanger Aftenblad eller i NRK sine sendingar. Nokre går stille i dørene, men er kvar dag i nynorsken sin teneste - både på arbeid og i fritida si.

 

Prisvinnaren dette året vaks opp i det tjukkaste kjerneområdet til nynorsken i Rogaland. På Sand i Ryfylke. På Sand skule hadde ho nynorsk som opplæringsmål. Det var berre slik det var.

Målrørsla hadde ho knapt høyrt om. I møte med Kongsgård var det berre ein fordel å kunna nynorsk, men etter kvart syntest ho det var litt plundrete at ho skreiv nynorsk når dei andre skreiv bokmål.

Som me forstår har ikkje diverre mykje endra seg.

 

Nynorsken har ho hatt med seg heile tida og var glad ho slapp streva som sine medstudentar når nynorsktekstar var på timeplanen. Men det var ikkje før ho begynte på mellomfag i nordisk og møtte dedikerte lærarar som Anders M. Andersen og nokre medstudentar som var meir språkpolitisk medvitne enn ho, at ho for alvor reflekterte grundigare over språket og gjorde det til ein kamparena.

 

Og det har det blitt. I festskriftet til Rogaland Mållag i jubileumsåret, «Språkleg skaparkraft» skriv ho sjølv at i dag er nynorsken ein viktig del av identiteten hennar og fortel:

 

«Det kjennest framandt no når eg finn postkort eg sende til mor mi på bokmål»

 

Prisvinnaren har via ein stor del av livet sitt til språk og målarbeid

  • bak kateteret i den vidaregåande skulen

  • på fylkeshuset

og

  • rundt borda i dei mange av målrørsla sine styrerom. Frå lokallaget i Stavanger til målpolitisk råd i Det norske teatret, som me målfolk reknar som vårt.

 

På sin milde måte har ho sagt ja til oppgåver, lita og stor, for å gjera målet ei beine og med det trygge andre på språket sitt og identiteten sin. Ikkje minst med å visa att i fylkeskommunen og forsøkja å stetta dei folkevalde sine djerve mål om at

«Fylkeskommunen må sørge for at nynorskbrukarane får oppfylt sine språklige rettigheter «

 

Anne Elise Winterhus har på ein framifrå måte stått opp for og vore med i kampen for saka vår. Å gjera nynorsken synleg gjennom arbeid i organisasjonen vår og elles i arbeidslivet ditt på ein positiv og flott måte!

 

Trykket som kunstnaren Gerhard Stoltz har laga kan utfordra oss på om nynorsken har gått i skårfeste, men vel så mykje om at språket vårt kan skina ut over landet.

 

Gratulerar!