top of page
IMG_8146.jpg

Odd Sigmund Sunnanå

Rogaland Mållag har den store gleda å tildela mållagets heiderspris til Odd Sigmund Sunnanå.

 

Det er enkelt å finna, positive karakteriserande ord om mottakarane av prisen til Rogaland Mållag. Men eitt ord må uansett vera med, og det er engasjement. Eit engasjement som har djupe røter i både teori og røynsle og som framstår som det har gjennomsyra heile hans lange virke, der den raude tråden er utdanning. 

 

Prisvinnaren har vore ein sentral påverkar og utviklar av grunnutdanninga og lærarutdanninga både lokalt og nasjonalt. Prisvinnaren er også av ein generasjon som opplevde at utdanning utover dei obligatoriske grunnåra, var for dei få, noko som også kan ha gitt engasjementet hans ekstra tyngde og glød. Fødd på Mosterøy i 1932, lærar, tok magistergrad i 1962, rektor på lærarutdanninga i Stavanger, skuledirektør og så utdanningsdirektør. Eit langt og aktivt virke blei markert med Kongens fortenestemedalje 8. april 2002.

 

Men engasjementet har ikkje stogga der. Også etter han blei takka av ved oppnådd aldersgrense i 2002, har prisvinnaren markert seg med ei uredd, poengtert og nytenkjande stemme. Han står bak ei rekkje publikasjonar både før og etter pensjonsalder. Prisvinnaren kan trekkja lange historiske linjer, og samtidig har han det skarpe blikket retta mot notida og framtida, noko til dømes innlegget publisert i universitetsavisa Khrono i august 2022 vitnar om. Der viser han til Danmark og Frihedsforsøget og listar opp fleire tiltak som kan forbetra rekrutteringa til lærarutdanninga i Noreg.

 

Eit fyndord i arbeidet til Rogaland Mållag er Mot til å meina. Prisvinnaren har vist og viser mot til å meina og ser aldri ut til å tapa av syne at engasjement, tankens fridom og klare, faglege ytring skal ta sitt offentlege rom. Og det kan like så godt vera i eit innlegg i Stavanger Aftenblad som i utgreiingar i eit direktorat. 

 

Og i heile livsverket sitt har prisvinnaren uttrykt seg med ei tydeleg forankring i det nynorske skriftspråket, og aldri har han tapt denne språklege arven av syne. 

 

For dette vil målrørsla i Rogaland takka deg med å overrekkja heidersprisen til Rogaland Mållag. Stor takk til deg, Odd Sigmund Sunnanå!

 

Rogaland, 22.05.2023

Heiderspris 2023
bottom of page