Terje Fatland pic.jpg

Terje

Fatland

2012
Rogaland mållag sin målpris for språkåret  2012

Rogaland mållag har gjennom mange år delt ut ein målpris til personar eller organisasjonar som på ein framifrå måte har gjort nynorsk språk og dialekt synleg på ein naturleg måte. 

 

Tidlegare biskop Bjørn Bue og fylkestannlege Bjørg Øyri er mellom dei som har fått prisen. For 2011 var det  Janove Ottesen i Kaizers orkestra som fekk den. 

 

Fylkeskommunen er ein viktig språkbrukar.  Nynorsk er ein viktig del av Rogaland fylkes kulturelle identitet. Mange noverande og tidlegare tilsette og tillitsvalde har gjort eit viktig arbeid for denne tradisjonen. 

 

Prisvinnaren i år har heilt sidan 1982 hatt sitt virke i fylkeskommunen. Han er fødd i 1952 og har bakgrunn i det tryggaste me har innan bygdeliv og bygdekultur.  Kanskje ikkje tilfeldig at han kjem frå bygda der Rasmus Løland er fødd, den første og største barnebokforfattaren Noreg har fostra. 

 

Prisvinnaren, Terje Fatland, har sett ein klar bygdesignatur inn i fylkeskommunen sitt mangslungne arbeid, etter kvart heilt inn i toppen av den administrative leiinga. 

 

Nynorsken har vore ein heilt naturleg del av Fatland sitt virke.  Ja, meir enn det, ved å bruke det målet han er oppvaksen med og er glad i har han på avgjerande måte vore med på å setje det nære og tilgjengelege i fokus i fylkeskommunen sin kommunikasjon med innbyggarane i fylket vårt.

 

Terje har med sin penn blitt lagt merke til. Han vender seg til oss med formuleringar og ordspel som gir oss innblikk i kva som kan ligge i heidersnemninga “ordhag”. På ein uhøgtidleg og lite prangande måte gjer han nynorsk ufarleg, samtidig som han tar oss med inn i spennande språklege samanhengar nynorsken er åleine om som norsk mål.

Hans mange leiarteigar i fylkeskommunen sitt gode magasin ”Rogaland i utvikling” viste dette for eit stor publikum. 

 

Rogaland fylkeskommune har stilt seg nøytral i val av målform. Terje har hatt ei viktig rolle i at nynorsk  viser att i praksis. Ei viktig rolle som gjer at fylket ikkje har gått inn i ein nær bokmålsrein kvardag, slik altfor mange andre formelt nøytrale instansar står fram. 

 

Prisvinnaren er framleis aktiv i fylkeskommunen si teneste. Me meiner at administrasjonen og tillitsvalde i fylkeskommunen har mykje å tene på å nytte Fatland sin kunnskap i arbeidet med å sjå den store verdien språkmangfaldet har for den  utviklinga av kulturen i fylket vårt. 

 

Me gratulerer Terje Fatland med Rogaland mållag sin målpris i språkåret 2013.