3D Sphere
VEGAR UT TIL ALLE KANTAR
EIN DAG VIL VI GLØYMA
 
VEGAR før du les.png
FØR DU LES
Cup of Coffee

1

Skriv ned tittelen på eit ark. Kva betyr setninga? Når er “ein dag”? Kva betyr det at “vi vil”? Kva betyr det eigentleg å “gløyma”?

2

Noter ned hendingar frå dei siste dagane som du trur du vil ha gløymt om eit år.

3

Er det noko av det som skjer akkurat no, denne timen, denne veka, du aldri vil gløyma?

4

Kan ein velja kva ein vil hugsa og kva ein vil gløyma? Skriv ein refleksjonstekst på ca. 200 ord.

nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
EIN DAG VIL VI GLØYMA 
VEGAR refleksjonsoppgåver.png
Refleksjonsoppgåver
Les novella “Ein dag vil vi gløyma”
VEGAR refleksjonsoppgåver.png

1

Les stille for deg sjølv. Prøv å finna ein rytme når du les.

2

Gå saman i grupper. Lag eit rollespel der ein les høgt (har forteljarstemme) og dei andre dramatiserer utan tale. Vis for kvarandre i klassen.

3

Reflekter saman over ulikskapar i dramatiseringane.

 
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
EIN DAG VIL VI GLØYMA 
VEGAR grammatikk språk.png
Grammatikk
 
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
EIN DAG VIL VI GLØYMA 
VEGAR skriveoppgåver.png
Skriveoppgåver

1

Bruk novella som modelltekst. Lag ein tekst der du brukar den første delen av setningane til kvart avsnitt i din tekst. Eksempel:

Du elskar…..

Du elskar….

Du elskar….

Du reiser frå…

Så drog dei….

La deg inspirera av teksten, men lag din eigen versjon.

2

Skriv ein tekst om å lengte etter noko anna. Få fram korleis det livet me lever no er (livet i ein pandemi) og lag kontrastar til det du lengtar etter.

3

Novella sluttar slik:

 

Og byen som vi elska, skal vakna og fyllast med folk, på kafear og kino, i kyrkjene, i konsertsalane skal vi sitje tett i tett. Vi vil høyra støyen frå motorvegane, lyden av båtar som legg til kai, og flya som lettar. Vi vil kryssa grenser på nytt til den vi var, til den vi skal bli. Ein dag vil vi kanskje gløyma at jorda framleis har feber. Ein dag vil vi kanskje gløyma alt.

 

Skriv ein tekst om korleis livet under ein pandemi kan endre den ein er som person.

 
nashorn_m_sirkel_transparent_edited.png
EIN DAG VIL VI GLØYMA 
VEGAR kreative stunt.png
Kreativ stunt