top of page
maÌŠlpris bilde.jpg

Roald Bergsaker

Magnhild Meltveit Kleppa

Hallgeir Håbakk Langeland

Rogaland Mållag 100 år
Heiderspris 2020

Mang ein gong kan ein ta seg i å tenkja; har det hatt noka meining, det ein har drive med? I ein flyt av timar, dagar og år. I ein straum av arbeidsoppgåver, ordskifte, sakshandsamingar og strategiske grep.

​

Rogaland Mållag har halde på i 100 år. Ein kan bli både motlaus og stolt over det. Motlaus fordi kampen på mange måtar er den same. Stolt fordi det vitnar om noko som blei opplevd som viktig for 100 år sidan og som framleis kjennest viktig.
Dei 100 åra fortel om evna til å stå i noko over tid. Og å stå for noko over tid.

​

Me veit at ingenting skjer utan at nokon er villige til å kjempa for standpunkt og få gjennomslag i praktiske handlingar. Mottakarane av æresprisen til Rogaland Mållag har nok hausta motstand, men kanskje aller mest respekt fordi dei har forankra handlingane i ei overtyding. Dei har ikkje vore bastante, uforsonlege og kompromisslause, men stridige nok til at gjerninga deira har sett spor. Noko dei har kunna gjera fordi dei i seg sjølv er trygt forankra i verdiar og forståingar av dei kulturelle samanhengane dei er ein del av. Prisvinnarane har i si gjerning vist handlekraft; ein vilje til å få noko gjort og ein vilje til å gjera ein forskjell.

​

Prisvinnarane er på nokre måtar ganske forskjellige. Dei har valt ulike politiske ståstader og dermed ei noko ulik verdiforankring og ulikt syn på koss samfunnssystemet skal byggjast opp. Saman representerer dei ein demokratisk balanse og eit samarbeid over partigrensene, noko som også må til om ein skal få gjennomslag. Felles har dei sterke røter i kultur, språk, menneske og levevis i Rogaland.

​

For målrørsla - og særleg for målrørsla i Rogaland - har dei alle vore avgjerande. Dei har alle vist veg og stått opp for målsaka. Prisvinnarane har brukt den politiske tyngda både i fylket og på riksplan for å fremja rettane til nynorskbrukarane og for å få fram viktige kulturelle institusjonar.

​

Prisvinnarane sikra løyvingar til bygginga av Garborgsenteret på Bryne som har blitt eit moderne og levande kultursentrum for heile regionen. Dei sikra også løyvingar til gjennomføringa av Løland-markeringa 2007 – 2011 som spesielt engasjerte barn og unge i Rogaland. Eit senter for barnelitteratur og barnekultur var det endeleg målet. Hovudtanken er å fremja tradisjonen Hulda og Arne Garborg og Rasmus Løland representerer. Ein tradisjon som var og er medviten om det språklege, men som også famnar større: dei frie tankane, det skapande ordet, undring og mot til å meina, forståing for menneskets kår og utvikling av demokrati.

​

Fylkesordførar Roald Bergsaker var heilt sentral i reisinga av Garborgsenteret og utarbeidinga av grunnlaget for Løland-prosjektet. Han er ikkje nynorsk-skrivande, men har ei djup forståing for at politikk også er å løfta blikket og sjå utover seg sjølv. Han ser verdien i språket og skjønar at ein som mindretal må stå opp for det og treng støtte frå fleirtalet.

 

Magnhild Meltveit Kleppa har uttrykt at nynorsk er det skriftspråket som ligg nærast talemålet hennar, og at dialekt og nynorsk er viktige delar av identiteten. Ho har kjempa mange kampar, både som sosialminister, samferdselsminister og statsråd i kommunal- og regionaldepartementet. Mange av kampane har komme Rogaland og nynorsken til gode. Også som fylkesmann i Rogaland har ho lagt viktige føringar. Mottoet hennar; Der det er vilje, der er det veg! kan synast enkelt og sjølvsagt, men kan vera revolusjonerande når ein tenkjer etter: For kva har me vilje til?

 

Hallgeir Håbakk Langeland var ein ganske synleg politikar. Med sitt klare særpreg og markerte verdisyn mista han aldri kontakten med det han kom ifrå. Han var og er kanskje likevel mest av alt ein lagspelar som jobbar i det stille for å få ting til. Han har vore viktig i mange saker som handlar om likestilling, også språkleg likestilling.

 

………….

​

Kjære æresprisvinnarar!


Gjennom samarbeid, stort engasjement og arbeidsvilje, klare tankar og tydelege verdiar har de hatt stor betydning for målsaka.

Det hadde ikkje vore det same utan kvar og ein av dykk. Nei, det hadde faktisk ikkje vore det same utan dykk!

Kven ber no den klare tanken, motet og handlekrafta vidare? Kven kan halda oppe medvitet for språkleg likestilling og fremja målet og kulturen nynorsken er tufta på? Velvillige ord treng dristig tanke og handling.

​

Roald Bergsaker, Magnhild Meltveit Kleppa, Hallgeir Håbakk Langeland; av hjartet takk for den verdifulle innsatsen gjennom mange år!

bottom of page