_.jpeg

Jannove
Ottesen

2011

Rogaland Mållag målpris 2011

Vokalist i Kaizers Orchestra, Janove Ottesen får målprisen frå

Rogaland Mållag for måten han brukar språket på i si kulturformidling.

 

På ein ny, spennande og uredd måte har Ottesen og Kaizers fremja den tydlege jærdialekten langt ut over Jæren og Noreg sine grenser med musikken sin. Det gler eit kvart hjarte som trur på krafta i språket.

 

For statusen til dialektane og nynorsk er det viktig at personar som Ottesen står fram og er trygge på sin eigen kultur og språktradisjon, og som på same tid vågar å utfordra og utvikla tradisjonen.

 

Ottesen og Geir Zahl fann kvarandre i barneskulen og starta  gruppa Gnom som seinare vart til Kaizers Orchestra i 2000. Debutalbumet "Ompa til du dør" vart ein braksuksess og fekk terningkast 6 i VG. Sidan har det gått slag i slag

 

Sjølv kallar dei alt dette eit oljefat-eventyr. Dei fleste forbind oljefat,

gassmaske, pumpeorgel og liveband med Kaizers, og ikkje minst den

rause og fargerike jærdialekten som viser igjen i musikken.

 

At Janove ser på Garborg som ein av de mest kjende jærbuane i verda, gler oss sjølvsagt. Men grunngjevinga han nyttar er viktigare. Garborg fekk bodskapen sin fram, ikkje berre i Noreg, men i verda elles.

 

“Han gjorde si eiga greie, og det gjær me òg,” held Ottesen fram. 

 

Så trygg er Ottesen at han ser på gruppa han er medlem i, tekstane og musikken som det største frå Jæren etter Garborg. Så viktig har Garborg vore at gruppa er ein av dei aktørane som har vore med å bidra med pengar til senteret me no står i. 

 

Det står det respekt av. Det er derfor ikkje rart at Rogaland Mållag deler ut prisen nettopp her i år på sentret som brukar ideane til den same Garborg på ein ny og spennande måta. Idear og tankegods som er meir enn hundre år gamle, og som blir presentert på måtar som vender seg til dei unge.

 

Gratulerer med prisen Janove Ottesen