top of page

Kristine M. Stensland

Rogaland Mållags Målpris 2023 går til journalist Kristine M. Stensland.


Prisvinnaren har i grunnen alt i 2013 komme med grunngjevinga sjølv. For då skreiv ho:
«Sal» lyser det mot meg med raude bokstavar. Ikkje «salg» eller «sale». Eg er i eit område der sjølv dei kommersielle aktørane har skjønt det: Nynorsk sel. Nynorsk er bra. Ja, nynorsk er til og med best. Dei siste åra har eg halde meg i og i nærleiken av hovudstaden. Som språkleg minoritet har eg ikkje opplevd å bli diskriminert. Snarare tvert om. Så flott at du bruker nynorsk, har fleire av austlandslesarane mine erklært. Men sjølv om merksemda har vore av positiv karakter, så vert det i lengda slitsamt at lesarane stadig påpeiker at eg skriv nynorsk. Eg skriv fyrst og fremst fordi eg har lyst til å formidle ein bodskap, og ikkje fordi eg plent vil vere ein ambassadør for eit minoritetsspråk. Språket er berre verktøyet mitt.
Om eg ikkje liker denne merksemda, kan eg vel heller skrive bokmål? Det har eg allereie prøvd. Då eg gjekk på vidaregåande, vart eg bokmålsbrukar for å auke sjansen for høge karakterar. Å skrive bokmål er enkelt. Ordboka kan få stå i hylla og støve ned. Bokmålet fungerte fint ei stund. Men på folkehøgskulen sa det stopp. Der skulle eg bruke språket til skjønnlitteratur. Bokmålet rann ut av meg som tørr sand mellom fingrane. Eg måtte attende til morsmålet. Den store valfridommen i nynorsken gjer det hakket meir komplisert å bruke, og eg gjorde meg avhengig av ordboka att. Men det enkle er ikkje alltid det beste. No skal eg få bruke språket mitt som eit verktøy til å formidle bilde av røynda i nynorskland. Herleg. Endeleg er eg i fleirtal.
 (Nynorsk avissenter 2. okt. 2013)


Etter å ha vore del av det første kullet i Nynorsk avissenter, fekk ho i 2014 jobb som journalist i Gjesdalbuen, der det blei uttrykt at ho «vart ein garantist for at det gjekk an å lesa nyheiter på nynorsk i lokalavisa» (Nynorsk avissenter 18. mars 2020). Ho har også vore innom Jærbladet. I 2020 starta ho i avdelinga for energi og næringsliv i Stavanger  Aftenblad. Journalistane i næringslivsgruppa skriv om olje, klima, finans og andre næringar og om karriere og leiing. Dei publiserer også artiklar i næringslivsavisa E24. Kristine hadde eit særskilt ansvar for jordbruksnæringa. Ho jobbar no i kulturredaksjonen. Kristine skriv med andre ord tekstar som har både lokale, regionale og nasjonale lesarar.


Kikkar ein litt på nettet, finn ein at ho står bak overskrifter som «Plogfabrikken har fått fast fastprisavtale» (SA 2.2. 2023) til dikt publisert på HR. & FRU K, tidlegare Frk. K. På denne sida står det at ho vann Slam under Garborgdagane i 2016 og har publisert tekstar i eit par meir eller mindre obskure tidsskrift. Ho skriv at ho skriv mellom anna «for å tenka, for å kritisera og for å bli klar over kva ho, eller andre kan føla og oppleva». Ho er også engasjert i foreininga Snakk! på Bryne (frk-k.no).

Journalistkollega, Tom Hetland, oppsummerer det slik: «Kristine har gjort nynorsken synleg i media på viktige område som næringsliv og populærkultur. Ho har også vore engasjert i å byggja arenaer for debatt og kulturformidling. Og ho skriv godt, personleg og originalt».


Prisvinnaren har, som me har sett, uttrykt at ho ikkje likar merksemd knytt til at ho er nynorskskrivande journalist. Rogaland Mållag vil likevel synleggjera at arbeidet hennar blir lagt merke til og sett så mykje pris på at Rogaland Mållag vil tildela henne målprisen for 2023. Det er dei sta og standhaftige som gjer nynorsken til eit allsidig og levande skriftspråk.


Gratulerer, Kristine M. Stensland!

Rogaland, våren 2024
Einar Schibevaag   Astrid Apalset Vassbø    Anne Elise Winterhus

målprisnemnda i Rogaland Mållag

Målpris 2023
bottom of page