Rogaland Mållag
Målpris 2022
Nynorsk burde vera det sjølvsagte språkvalet i Ryfylke, der dialekten er nynorsknær og målforma i skulane i hovudsak er nynorsk. Likevel ser me at næringslivet i Ryfylke ikkje alltid bruker det språket som er nærast vårt eige.
Gode Ryfylke-ord og -uttrykk vert nytta sporadisk, men stort sett dominerer bokmålet i forretningsverda. Prisvinnaren for 2022 er eit godt døme på kor synleg ei bedrift kan bli når verksemda brukar klar og god nynorsk og i tillegg sper på med humoristisk vri. Bedrifta framstår nytenkjande med original marknadsføring og artige språklege verkemiddel.
Det syner kor effektivt, klart og morosamt nynorsk kan vera, også kommersielt, om ein berre vågar å nytta det. Bedrifta blir lagt merke til også gjennom den språklege utforminga dei har valt.
Rabben Pøyg og Rabben Trave er to av produkta ein kan kjøpa av prisvinnaren. Begge har fått namn etter lokale utrykk frå Ryfylke. Pøyg er ein halvvaksen gut, mens trave er ei ugagnskråke eller ein luring om du vil.
Ser me på nettstaden til prisvinnaren, kan ein lesa at fordelen med å mjølka sjølv og å ha ysteriet vegg i vegg med fjoset, er at det blir kort veg frå jur til ystekar utan nedkjøling før ysting.
Ryfylke Gardsysteri ligg på Rabben midt i kjerneområdet til nynorsken slik me likar å sjå det. Ikkje mange metrane frå Fister-krysset i Hjelmeland der Hilde og Joar Hauge bygde ny fjos og nytt ysteri med første ostalevering i 2020.
Me gler oss over at de gjer nynorsken synleg på alle kommunikasjonsflater enten ein kjøper produkta på Hebnes Vingard eller på Madla Handelslag.
Gratulerer med Rogaland Mållag sin målpris for 2022!
Jelsa, 28.04.2023
Einar Schibevaag Astrid Apalset Vassbø Anne Elise Winterhus