Screenshot 2020-10-15 at 10.28.31.png

Andrea H.Tobekk

2019

Gratulerer med Rogaland Mållags målpris 2019,
Andrea Hebnes Tobekk!

 

Du har vore kraftfull og modig. Fortsett med det! La språket ditt bli høyrt!
La stemma di utfordra og skjerpa!

 

ROGALAND MÅLLAG - MÅLPRISEN 2019

Rogaland Mållags Målpris 2019 går til eit ungt menneske. Prisvinnaren er Vg2-elev på Jåttå vidaregåande skule i Stavanger. Ho har vore elev på Marvik skule og Sand skule i Suldal kommune. Ho har med andre ord vakse opp i ein nynorsk-kommune og har hatt opplæringa i grunnskulen på nynorsk.

Prisvinnaren representerer ein lang tradisjon når ho som Ryfylke-ungdom har reist frå heimstaden for å gå på skule i byen. Ho representerer dessverre også ein tradisjon når ho opplever at språket hennar ikkje blir teke på alvor. Lovverket har ho på si side. Ho har lovfesta rettar. Likevel erfarer ho at ho må kjempa for å få oppfylt rettane sine.

Sjølv om ein ofte vil vera i mindretal som nynorskbrukar, står ein i ein solid tradisjon med ein lang og omfattande skriftkultur, eige teater i hovudstaden og eigne institusjonar, og tradisjonen festar oss i ein felles identitet knytt til språket. Alt som er, er kjempa fram av nokon, og no framstår også prisvinnaren som ei som kan og vil kjempa for rettane sine og dermed for rettane til andre også.

Vinteren og hausten 2019 sette ho lys på manglande lærebøker på nynorsk ved skulestart, manglande opplæring i sidemålet og at opplæring i nynorsk blir snakka ned av fagpersonar, blant anna gjennom deltaking i paneldebatten i Stavanger Mållags KåKå-arrangement 31. jan. 2019 og oppslag i Stavanger Aftenblad 17.08.19 og 28.08.19.

Det kan vera lett å gi seg. Det kan vera flautt å heva stemma si. Men det er andre som skal vera flaue, dei som ikkje har skjønt sitt faglege, profesjonelle eller politiske ansvar. Ikkje nødvendigvis av vond vilje, men ofte heller av likesæle eller manglande medvit og sikrande rutinar. Det gode er at alt dette kan ein gjera noko med. Det er berre å få det gjort! Men kampen for å få det gjort kan vera seig.

Men stemma til prisvinnaren har blitt lagt merke til, blant anna av tidlegare stortingsrepresentant, minister og fylkesmann/kvinne, ryfylkingen Magnhild Meltveit Kleppa, men også av fylkespolitikarane. Ei konkret følgje blei vedtaket «Bruk av nynorsk i Rogaland fylkeskommune» 11.12.18.

Trykket av kunstnaren Gerhard Stoltz er kalla Skorfeste. Det kan tyda å stå fast i ei skor i fjellet eller i overført meining å vera i ein situasjon der det kan synast som om det ikkje finst utveg. Men bildet kan også tolkast som at ein har si hylle, sin ståstad, sitt utsyn.